page view image

Kim Rysstad - ei stemme for alle tider

Arrangementsinformasjon
event image

Kim Rysstad - ei stemme for alle tider


Kim Rysstad er ein prisvinnande vokalist og kvedar frå Rysstad i Valle kommune i Setesdal. Kjent frå Stjernekamp, Beat for Beat, MGP osv. 


Då Kim deltok i Stjernekamp 2019 både sjarmerte og imponerte han heile det norske folket. I sjanger etter sjanger synte han kva han var god for heile vegen til finalen, der han vant 2.plassen. 


Folkemusikken frå Setesdal ligg som ein grunnpilar i alt det musikalske Kim gjer. Han arbeider mykje på tvers av sjangrar, og hentar inspirasjon frå country, bluegrass, pop, samt kjente songarar som favorittane Whitney Houston og Dolly Parton. 

Denne kvelden kommer også Tone Krohn til å være hans gjest. Kim forteller at Krohn har vært en viktig inspirasjons kilde for han.


Samarbeidet med Trym Bjønnes starta i 2010 og har sidan resultert i tallause konsertar, både i inn og utland, eventar,  plateinnspelingar, og endatil en nominasjon til Spellemannprisen i 2011 for plata «Vegen». Samspelet mellom Trym og Kim omtalast som noko heilt spesielt og tida står nesten stille når dei let røystene smelte saman i klokkeklare harmoniar. Alt frå mellomalderballadar til salmar og mgp står på repertoaret til Trym og Kim. Dette er rett og slett ein konsert du ikkje vil gå glipp av! 


Foto: Niklas Berglund

Restriksjoner

Publikum under 16 år gratils