Musikk i Sentrum - Dansekonserten «YR», Ragnhild Hemsing (fiolin, hardingfele), Hallgrim Hansegård (dans/koreografi), Tor Espen Aspaas (klaver)

Arrangementsinformasjon

«YR» - Eit møte mellom folkemusikk, folkedans og samtidsdans

Ragnhild Hemsing (fiolin/hardingfele) Hallgrim Hansegård (dans/koreografi) og  Tor Espen Aspaas (klaver)


Fiolinist og hardingfelespelar Ragnhild Hemsing er den einaste skandinav som har vunne den prestisjetunge "Beethoven-prisen" i Bonn. Hallgrim Hansegård er fire gonger Norgesmeister i halling og har vunne store internasjonale prisar som koreograf. Saman har dei særleg tatt tak i samtidskomponisten Lasse Thoresen sitt arbeid og laga eit uvanleg kunstprosjekt med norsk særpreg. 

I dansekonserten «YR» får publikum vera med på ei reise i møtet med musikk og dans på knivseggen mellom det tradisjonelle, klassiske og samtidige som til slutt ender opp med verket “Yr” komponert av Lasse Thoresen der begge musikkverda møtast i eit spennande og kraftfult uttrykk. Publikum får óg kjennskap til fleire komponistar som har latt seg inspirere av norsk folkemusikk og folkedans.

Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård er to scenekunstnarar som har vokst opp med den tradisjonelle folkemusikken og folkedansen i Valdres, men som har skapt sitt eige musikalske særpreg gjennom ein karriere i klassisk musikk og samtidsdans. 

Ragnhild Hemsing og Tor Espen Aspaas starta sitt duosamarbeid i 2010 som ei førebuing til innspeling og lansering av Ragnhilds debut-cd «YR» med norske verk av Grieg, Sparre Olsen, Thoresen og tradisjonell folkemusikk på hardingfele. Innspelinga kom ut på SIMAX Classics i 2011, blei Spellemannspris-nominert og mottatt med strålande kritikkar i inn- og utland. Sidan dette har duosamarbeidet blitt vidareført med ei lang rekke konsertar og turnéar, innspelingar og radiooverføringar nasjonalt og internasjonalt. Dei har óg gjesta kvarandre sine kammermusikkfestivalar (Hemsingfestivalen i Aurdal/Valdres og Vinterfestspill i Bergstaden på Røros) og samarbeida om nye prosjekt i ramma av desse.



musikkisentrum
tønsberg
festival
klassiskmusikk
folkemusikk
dans
teiehovedgård
folkedans

Restriksjoner

På grunn av den aktuelle situasjonen med Covid-19 vil det være et begrenset antall plasser på hver konsert. "Musikk i sentrum" ønsker å gjennomføre trygge konserter og gi publikum en fin opplevelse ved å overholde gjeldende regler for smittevern. Derfor henstiller vi alle til å kjøpe billetter på nett med tilhørende registrering. Det gir oss en bedre oversikt over publikum og fordeling av plasser. Dette er spesielt viktig om man er en gruppe. Resten av gruppen må registrere seg ved ankomst. Publikumslistene blir makulert etter 2 uker. Vi ønsker både artister og publikum en fantastisk opplevelse på våre konserter.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlyst arrangement.